Back to All Events

Amerikanske sonettar på norsk. Ein samtale om Terrance Hayes’ poesi i gjendikting

  • BLÅ 9c Brenneriveien Oslo, Oslo, 0182 Norway (map)

Den prislønte poeten Terrance Hayes (f. 1971) er ein av dei store innom amerikansk samtidspoesi. Med "Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar" (Det norske samlaget 2022, på engelsk i 2018) er for første gong eit heilt verk av poeten tilgjengeleg på norsk. Amerikanske sonettar behandlar Trump-æraens byrjing og implikasjonar, den aukande valden og det å vere afrikansk-amerikansk mann i eit landskap som syd av rasisme, beskrive med både råheit og venleik. Sjølv om det no sit ein ny president i Det kvite hus, lever trumpismen i beste velgåande, og sonettane snakkar til lesarane med stadig aktualitet.

Med utgangspunkt i Hayes' sonettar samtalar Olivia Lasky med gjendiktarane, Sofia Knudsen Estifanos og Ida Hove Solberg. Dei vil sirkle seg inn mot ulike utfordringar ved gjendikting og det å samarbeide om eit slikt arbeid.

Olivia Lasky (f. 1988) er omsettar og omset frå norsk, nordsamisk, dansk og svensk til engelsk. Ho er òg redaktør i Mellom – tidsskrift for omsett litteratur.

Sofia Knudsen Estifanos (f. 1987) er skodespelar, slampoet og dramatikar, og ho er ein av to kunstnarlege leiarar av scenekunstorganisasjonen Spkrbox.

Ida Hove Solberg (f. 1987) har ein ph.d. i omsettingsvitskap. Hen jobbar med kunstfaglege publikasjonar ved Nasjonalmuseet og frilansar iblant som gjendiktar og kritikar.

Opplesing av slampoet og skodespelar Adela Cudjoe.

Dørene opnar kl. 19.00. Arrangementet byrjar kl. 19.30.
cc: 50 kr